Forskningsdagene UNG

På vegne av Instituttet for informasjons- og medievitskap deltek eg på Forskningsdagene UNG som er i Studentsenteret fredag 28. september frå 18.00 – 22.30. Her kjem ca. 700 elevar frå dei vidaregåande skulane i Bergensområdet. Vår stasjon heiter “Mobilforskning pågår!”.

Stasjonen er i eit stort rom som kallast “Aerobicssalen”. Her skal elevane vrimla omkring, og dei blir bedt om å fylla ut eit spørjeskjema om kva slags medier og innhaldstypar dei foretrekker.

Spørjeskjemaet har eg utvikla i godt samarbeid med master i informasjonsvitskap Bjarte Johansen. Skjemaet er så kort som mogeleg, med berre 20 spørsmål til saman. Det er laga for at elvar ikkje skal måtta tenkja seg altfor grundig om. Metodeopplegget er førehandsgodkjent av Norsk samfunnsvitskapleg datateneste. Elevane fyller ut skjemaet ved å gå inn på mobilsida http://fdu.h.uib.no.

For å skapa litt ‘medieaktivitet’ i lokalet set me i verk dei følgjande tiltaka:

1. Datamaskin med prosjektør. Den viser bilete og tekstar frå nett, og rullar heile kvelden.

2. To videokamera, mikrofonar og stativ, med monitorar til å visa videoen. Studentane Martin Håndlykken og Eivind Johansen passar på. Elevane får lov å filma, og vert utfordra til å lata seg intervjua. Alt vert spelt inn i HD-kvalitet.

3. Musikk-speling på Spotify. Nyre har laga ei playlist med samtidig populærmusikk, og elevane kan komma med plateynskje og helsingar som om det var radio.

4. Plakatkunst. Martin Håndlykken og Eivind Johansen har laga diverse plakatar som skal lokka elevane inn i lokalet vårt.

Kurt George Gjerde og Stein Unger Hitland ved Institutt for informasjons- og medievitskap har vore til stor hjelp med logistikken.