Tillit på mobilen

Prosjektet vert utført av Gruppe for IKT og medier i det vestlandske forskingsnettverket UH-nett Vest. Medverkande institusjonar er Universitetet i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda. Prosjektleiar: Lars Nyre. Forskarar: Bjørnar Tessem, Grete Netteland, Stig Øvreås og Pål Aam.

Formålet er å skape ein systematisk refleksjon rundt graden av tillit som vanlege folk har knytt til smarttelefonar og privatliv, med eit skilje mellom rurale og urbane område. Prosjektet vil hente informantar i Norge og England gjennom fire innsamlingsrundar.

Vår hypotese er at å dela informasjon inneber at du har ei viss form for tillit til den du deler med. Å dela informasjon er ei kooperativ og kommunikativ handling som det er viktig å forstå i eit mediesosiologisk perspektiv. Det er særleg deling av personleg informasjon på teknologiske plattformar som interesserer oss. Slik informasjon kan lagrast og redistribuerast, og folk utset seg for ein viss risiko ved å dela informasjon på denne måten. Kva motiverer folk til å gjera dette? Kva slags tillitsrelasjonar inngår dei med andre? (gjeld både personar og tenesteleverandørar). Kva tillit har folk for eksempel til at Telenor behandlar informasjonen deira riktig? Kva er riktig grad av anonymisering når folk kommenterer i nettaviser?

Det første datasettet vart samla inn i indre Sogn frå måndag 11. juni til fredag 15. juni 2012 med til saman 100 informantar. Dette er 1,4 % av innbyggarane i Sogndal kommune (7000), og tilsvarande andel i Bergen ville krevt over 3000 menneske.

I neste omgang skal informantar rekrutterast i hovudstaden Oslo for å sjå etter forskjellar mellom rurale og urbane strøk.

Her følgjer ei kort skildring av dei tre delstudiene me utførte:

Studie A: Er det forskjell på dei som brukar ‘gammaldags’ telefon og dei som brukar smarttelefon?

Studie A skal danna eit empirisk oversyn over folks erfaringar med smartmobil. Her skil me mellom to hovudgrupper av brukarar utifrå teknologiske kriterier.

Gruppe 1 består av folk utan smarttelefon og folk som har smarttelefon, men ikkje brukar ikkje sosiale medier på den. Dette er ei gruppe for ‘vanlege brukarar’. Gruppe 2 består av informantar som brukar Facebook eller andre sosiale medier aktivt på mobiltelefonen, og dei kan kallast ‘avanserte brukarar’. Begge grupper skal svara på same spørjeskjemaet, og me er interessert i om det er forskjellar i svara deira. Kvar informant får eit FLAX-lodd når skjemaet er ferdig utfyllt.

Alle fyller ut det same spørjeskjemaet, og det vert også brukt i studie B og C.

Studie B: Dersom du brukar Foursquare i eit døgn, vert du då mindre skeptisk til deling av informasjon enn dei som ikkje har brukt Foursquare?

Studie B handlar om å få informantar til å dela informasjon offentleg i eitt døgn, gjennom den amerikanske tenesten Foursquare som er kobla til Facebook. Me vil at dei skal oppretta fem ‘stader’ som dei annoterer med tekst og/eller foto.

Dette er vår ’behandling’ av dei. Kanskje det påverkar deira villigheit til å dela informasjon? Dei deler jo nødvendigvis denne informasjonen med sine Facebookvenner, og må gjera nokre valg. Dei byrjar kanskje å reflektera over sin informasjonsdeling. Kanskje dei får responsar frå venner. Vert dei meir skeptiske eller meir interesserte?

Eksperimentet vert avslutta med at informanten fyller ut det same spørjeskjemaet som i studie A og C.

Studie C: Kva er du villig til å fortelja om ditt personlege liv med mobilen?

Studie C handlar om å gjera informantane mest mogeleg bevisst på sin deling av informasjon på mobiltelefonen, gjennom å intervjua dei kvalitativt, og få dei til å fortelja om og visa fram sine vanar med deling. Me vil fotografera dei skjermbileta som informantane er viljuge til å visa fram.

Dette er vår ’behandling’ av dei. Kanskje det påverkar deira villigheit til å dela informasjon? Dei må sjå gjennom sin eigen aktivitet på mobilen, og kan utvikla eit meir kritisk forhold til korleis dei bør dela personleg informasjon.

Intervjuet vert avslutta med at informanten fyller ut det same spørjeskjemaet som i studie A og B.