Eksperiment med Foursquare

June 15th, 2012  |  Published in Tillit på mobilen  |  16 Comments

Vert Foursquare det nye in-mediet blant ungdom i Sogndal? Det ville vera interessant dersom aktivitetane våre fekk ein slik konsekvens.

Eit eksempel på ei oppføring i Foursquare. Alle kan oppretta nye stader og fylla dei med innhald når dei er der. Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås.

Dei siste dagane har Stig og Pål arbeidd hardt med studie B; Foursquare-eksperimentet. Her skulle informanten oppretta profil på det lokasjonsorienterte sosiale mediet Foursquare, og laga minst fem “check in” i løpet av eit døgn, og deretter fylla ut spørjeskjemaet. Hypotesen er at dei vil vera meir tillitsfulle til å dela informasjon enn folk som ikkje har brukt Foursquare.

Stig og Pål oppsøkte folk på høgskulen og den vidaregåande skulen på Foss, og Bjørnar tok kontakt med eit IT-firma i Hermansverk. Men det viste seg svært vanskeleg å få folk med på opplegget vårt. Det var nok litt for omstendeleg å måtta lasta ned og registrera seg, og det krevde 3G for å fungera. Nokon brukte berre trådlaust nettverk heime eller på skule og arbeidsplass. Me spurte over 70 menneske om å vera med, og klarte til saman å rekruttera 17 informantar. Alle saman er mellom 18 og 24 år.

Informantane la ut mange forskjellige ting, slik som fotografi og små kommentarar. Det vart også konkurransar mellom informantar om å verta “Mayor” på ulike “Places”. Me lasta ned screen shots av alle oppføringane, og deretter “unfrienda” me alle saman. Materialet består av over 80 screenshots. Her har me eit rikt empirisk materiale som me skal analysera utover sommaren.

Det gjenstår å sjå om Foursquare no blir det nye in-mediet i Sogndal. Det ville i så fall vera ein artig “unintended consequence”.

Responses

  1. Jill says:

    June 15th, 2012 at 9:34 (#)

    Interessant. Studentene mine på DIKULT251 var skeptiske til å bruke 3g, og svært skeptiske til apps som drev med overvåking. De fikk låne smartphones av Telenor og skulle bruke en app som heter Evertale som lager en “automatisert dagbok” basert på hvor du har beveget deg. Nesten alle slo av 3G og brukte kun wifi, noe som fungerte med Evertale fordi den uansett logger alt og laster opp. Evertale deler ikke informasjonen din (skjønt du kan eksplisitt velge en dag og dele den på Facebook, men defaulten er strengt privat) men likevel var studentene svært skeptiske til overvåkningen.

    Noe av det som overrasket meg var at de mente de var “feil generasjon”. De mente det var 30-40 åringene som brukte 3G og sånt, og ikke 20-åringer. Jeg tror idéen om “digital natives” definitivt må nyanseres.

    Men deres informanter som har sagt ja er alle i studentaldersgruppen. Er det fordi dere bare spurte studenter, eller var det kun de unge som sa ja?

    Et problem med prosjektet deres dersom dere får såpass lav deltagelsesprosent blir vel at informantene kanskje allerede VAR mer tillitsfulle til å dele informasjon og det var derfor de sa ja og de andre 75% ikke ville.

    Her er en artikkel Telenors egen journalist skrev om vårt prosjekt.

  2. syrenyre says:

    June 20th, 2012 at 8:51 (#)

    Hei Jill,

    Takk for gode poeng frå dine studentar etter testen med Telenor. Lat meg svara raskt på spørsmålet ditt. I studie B skulle me få folk til å lasta ned og bruka Foursquare i eitt døgn. Dette viste seg svært vanskeleg å overtala vaksne folk til, og me endte opp med elevar over 18 år og studentar frå høgskulen. Dette er ikkje i seg sjølv eit problem, men det er klart at me då har ein begrensa demografi.

    Etter min logikk har me ikkje låg deltakingsprosent. I Sogndal kommune bur det ca. 7.000 menneske, og me spurte 100 personar. Det gjev ein deltakingsprosent på 1,4, og i Bergen med 250.000 menneske ville det krevd eit utvalg på 3500 personar.

    Her er det meir å snakka om!

    Lars

  3. torn labrum surgery says:

    July 5th, 2013 at 2:02 (#)

    Normally I do not learn post on blogs, however I would like to say that this write-up very compelled me to take a look at and do so!

    Your writing taste has been amazed me. Thanks, very nice article.

  4. chat s128 says:

    March 19th, 2020 at 14:11 (#)

    chat s128

    Eksperiment med Foursquare :: Lars Nyre

  5. chat sabung ayam says:

    April 1st, 2020 at 5:48 (#)

    chat sabung ayam

    Eksperiment med Foursquare :: Lars Nyre

  6. Situs Slot says:

    July 27th, 2020 at 1:14 (#)

    Situs Slot

    blog topic

  7. travel says:

    October 7th, 2021 at 10:46 (#)

    travel

    blog topic

  8. please follow the link below says:

    August 24th, 2022 at 13:59 (#)

    please follow the link below

    blog topic

  9. bannondang.ac.th says:

    February 14th, 2023 at 17:38 (#)

    bannondang.ac.th

    blog topic

  10. i can't hyperlink my texts anymore says:

    July 9th, 2023 at 7:02 (#)

    i can’t hyperlink my texts anymore

    blog topic

  11. производство фронтальных погрузчиков says:

    August 27th, 2023 at 19:28 (#)

    производство фронтальных погрузчиков

    blog topic

  12. быстросъем на кун мтз says:

    August 29th, 2023 at 16:09 (#)

    быстросъем на кун мтз

    blog topic

  13. www.dummy.dofollowlinks.Org says:

    October 24th, 2023 at 21:04 (#)

    http://www.dummy.dofollowlinks.Org

    Eksperiment med Foursquare :: Lars Nyre

  14. Personal development goals says:

    November 18th, 2023 at 10:20 (#)

    Personal development goals

    Eksperiment med Foursquare :: Lars Nyre

  15. click or says:

    December 18th, 2023 at 3:48 (#)

    click or

    blog topic

  16. can bitcoin rise again says:

    January 30th, 2024 at 9:47 (#)

    can bitcoin rise again

    blog topic

Leave a Response