Tronge dalar med smarte folk

June 16th, 2012  |  Published in Tillit på mobilen

På torsdag og fredag var det skarpt fokus på å skaffa informantar til studie C. Studie C er eit kvalitativt intervjuprosjekt om korleis folk deler personleg informasjon på mobilen, og me snakke med informantane mellom ein halv og ein time. Vanlege telefonar var iPhone4, HTC Desire, LG Nettbrett og ikkje-touch-telefonar frå Nokia og Sony Ericsson.

Eg er akkurat ferdig med eit intervju, og jenta fyller ut samtykkeskjema. Foto: Lars Nyre.

Lars og Bjørnar intervjua til saman 11 vasksne folk frå Indre Sogn. Det var litt tilfeldig at me endte med eit slikt fokus, men då me hadde rekruttert 5-6 personar, og såg at ingen var særleg unge, så gjorde me dette til eit eksplisitt fokus.

Med sosiologiske auge var dette eit interessant utkome. Våre informantar gjev eit breidt bilete av dei vaksne folka i indre Sogn. Me har forretningsfolk, tilsette ved Høgskulen, barneskulen, biblioteket, fylkesarkivet, pluss to reiselivsarbeidarar frå ein av fjelldalane. Dei er alle saman ressurssterke og gjennomtenkte, og prøver på ulike måtar å hanskast med pliktene overfor sine næraste, arbeidet og lokalsamfunnet dei er ein del av.

Vårløysinga gjer at fossen ved Hella vert fryktinngytande stor. Foto: Nils Wendelbo Nyre.

Særleg tre menn var avanserte brukarar. Det var ein fjellførar som gjorde alt det viktigaste på sin HTC Desire. Han lagde avtalar, bestilte reiser, sjekka værmeldingar og navigerte langs riksvegen, alt med mobiltelefonen som verktøy. Likeeins forretningsmannen, som køyrer på kryss og tvers i heile Sør-Norge, og har eit finstemt oppsett på dashbordet i bilen.

I samtalen var det seks hovudtema:

  • Bruk av kart
  • Transportmønster og koordinering
  • Avtalelaging med familie, venner og kollegaer
  • Sjølvrapportering på SMS og Facebook
  • Tankar om sporing
  • Er du avhengig av telefonen?

Under intervjuet bad me også om å få sjå eksempel på den kommunikasjonen me snakkar om. Alle saman gjekk med på dét, og me fekk omkring 100 forskjellige skjermbilete. Me kan aldri visa fram sjølve bileta, men me skal skildra dei utførleg i publikasjonane våre.

Leave a Response